Gnist Reiselivsutvikling
Vi tilbyr rådgiving og konsulenttenester til reiselivsbedrifter
Saman skapar vi auka kompetanse og bidreg til ei berekraftig utvikling i reiselivsnæringa.
Våre referansar
FjordSauna
Frå gründeridè til suksess
Fjord Sauna AS vart etablert av Kristin Skahjem og Torgeir Skjerdal (personane bak Gnist) i 2021. Gjennom innovativ tenking og målretta innsats har bedrifta vakse til å bli ein populær nisjeaktør innan reiselivet. I dag har Fjord Sauna éin heilårstilsett, samt tre saunamestere om vinteren og seks om sommaren, noko som viser at prosjektet har utvikla seg til ein bærekraftig bedrift.
Visit Sognefjord
System. Representasjon.
Visit Sognefjord hyra inn Gnist Reiselivsutvikling for to spesifikke oppdrag:
Integrasjon av systema Bilberry og Blend, samt oppkopling mot medlemsbedrifter.
Representasjon av Visit Sognefjord på Workshops både nasjonalt og internasjonalt for å fremja regionen som reisemål og styrke samarbeidet med aktørar.
Wangen Apartments
Bygging av grunnmuren for heilårsdrift
Wangen Apartments i Aurland hyra inn Gnist Reiselivsutvikling seks månadar etter opninga for å etablere eit solid fundament for sal og marknadsføring, med fokus på å sikre heilårsdrift. Gnist sitt arbeid omfatta mellom anna implementering av hotell- og distribusjonssystem, etablering av effektive marknadsføringskanalar, samt utvikling av prisstrategi og oppsøkande sal mot turoperatørar.